FK Vang 2 - Varde: 3-7 (1-3)
Publisert 28/05/2011
Tveit stadion kunstgras laurdag 28 mai kl 15.00
Dommarar: Trond Birger Dalemark, Ida Renate Rødtvedt og Daniel Enger
Publikum: ca 15 stk
FK Vang 2 fekk sitt fyrste tap i dag. Kampen vart spelt 9 mot 9 og måla vart plassert på 16 meterane. Varde vannt fortjent, men heimelaget var med og låg under med kun 1 mål 5 minutt før slutt.
Varde starta scoringsballet etter 5 minutt, dei scora også etter 10 minutt og leia 0-2. FK Vang ville også vera med Kasay sende ein perfekt bua passning inn i bakrommet og Syversen scora sikkert. Dette skjedde etter 11 minutt, Varde var frampå 4 minutt etter dette og 1-3 var også stillinga ved pause.
FK Vang starta best i 2 omgangen, men det var Varde som også i denne omgangen scora fyrste målet. Cristoffer "Taxi" putta så den neste for heimelaget etter corner frå Kim Bøland. Samme Cristoffer var også innblanda i neste scoring, assisten gjekk til Syversen som scora sitt andre mål. FK Vang 2 var virkelig med nå, men klarte ikkje å score fleire mål. Varde putta 3 til dei siste 5 minutta og reiste glade og fornøygde heim til Gjøvik.
Håvard Omdahl vart kåra til FK Vang 2 sin beste spelar, Tommy Enger og Syversen kom begge på sølvplassen.
Laget: Håvard, Jonas, Kasay, Alimkhan, Ismatullah, Tommy, Kim B, Even, Syversen og Christoffer "Taxi".
Kampen:
0-1, 5 min.
0-2, 10 min.
1-2, 11 min. Ole Eirik Syversen (Kasay Mewsha)
1-3, 15 min.
1-4, 50 min.
2-4, 53 min. Cristoffer "Taxi" (Kim Bøland)
3-4, 57 min. Ole Eirik Syversen (Christoffer "Taxi")
3-5, 85 min.
3-6, 87 min.
3-7, 90 min.
Neste kamp for 2 er laget er heime mot Dokka måndag den 6 juni kl 19.30.
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126388
