Biri - FK Vang 7-1 (4-1)
Publisert 05/06/2011
Biri idrettspark søndag 5 juni kl. 15.00
Dommarar: Tor Sverre Risø, Einar Nordmarken og Egil Stensrud
Publikum: ca. 50
Som i 2010, reiste FK Vang også i år til Biri med ein meget ung tropp. Uttellinga til Biri var meget god dei fyrste 45 minutta, og 2-0 etter 3 minutt er vel det ein kan kalle ein tung start for oss.
FK Vang mangla desverre fleire sentrale spelara denne kampen pga sjukdom og skader og gav Biri meget lett motstand utover i kampen. Før pause var FK Vang absolutt med og hadde 3 kjempesjanser som alle vart sett til side for målet. Målet me fekk var vel heller av det heldige slaget, Olav Ulven vannt ein duell med Biri sin keeper og passa til Kim Kveno som redusertte til 4-1 fem minutt før pause.
Andre omgangen var meget svak av gjestene, spelarane virka heilt tomme og FK Vang fungerte meget dårleg.
Robert Christensen vart kåra til FK Vang sin beste, Kim Bøland og Anders Skrebergene som nr. 2 og 3.
Heldigvis blir fleire av spelarane meir å sjå på trening framover i og med at skulene tek ferie, dette vil forhåpentleg vis styrke oss. Dei som mangla pga sjukdom og skader i dag er på plass att til neste kamp håper eg.
Laget: Håvard, Sverre, Anders, Øyvind, Tore, Kim K, Kim B, Olav, Robert, Kasper, Ole Eirik, Tormod, Kasai og Even.
Kampen:
1-0, 2 min.
2-0, 3 min.
3-0, 32 min.
4-0, 37 min.
4-1, 40 min. Kim Kveno (Olav Ulven)
5-1, 48 min.
6-1, 55 min.
7-1, 75 min.
Trening/kampar veke 23:
6 juni kl. 19.30 kamp på Tveit mot Dokka i 5 div.
7 og 9 juni kl. 19.30 Trening
9 juni kl. 19.30, Kamp borte mot Breiskallen i 5 div.
