Vegard Eltun
Publisert 08/06/2011
Vegard Eltun er klar for seniorfotball i FK Vang.
Vegard er akkurat konfirmert og etter sigende turr bak øyro.
Dei som har besøkt Tveit stadion har rimeleg sikkert møtt på Vegard der.
Treneren i FK Vang har nå den store ære å få oppleve å trene både far og sønn. Begge to blir temmelig sikkert å sjå på samme lag om ikkje lenge.
Vidar Eltun som i år har 26 år med seniorfotball i Vang med seg i bagasjen, er garantert den spelaren i FK Vang med flest kampar. Vidar har vore trufast mot klubben i alle desse åra og fortjener å bli næmt i samanheng med sønnen sin inntreden i laget. Mopedturar på trening til Tveit i frå Øye (2,5 mil) i januar 1986 var starten i seniorfotballen for Vidar.
Vegard har då noko å strekkje seg etter, men har allerede mange år bak seg i FK Vang-trøya.
Eltun jr er som sin far ein humoristisk og artig kar, Vegard har vore maskot for FK Vang sine seniorar etter opprykket i 2005 sesongen. (Tone, Sogndal, 2006 er eit av høgdepunkta trur eg.)
Lillestrøm er laget for Vegard, genfeil i slekta trur eg.
Me ynskjer Vegard lykke til i sin seniorinntreden, og håpar han om 26 år fortsatt er like aktiv i klubben.
