FK Vang - Raufoss 2: 1-7 (0-3)
Publisert 13/06/2011
Tveit stadion måndag 13 juni kl. 19.30
Dommarar: Vidar Hilmen, Bjørn Lunden og Svein Åhnstrøm
Publikum: ca 60 stk.
FK Vang har aldri møtt Raufoss i seriesamenheng før, gjestane kom med eit ungt og bra lag og vannt fortjent.
FK Vang synest eg var meget bra med i kampen og heimelaget hadde fleire store muligheiter som desverre ikkje gav uttelling.
FK Vang hadde før kveldens kamp lagt litt om på systemet og stressa dei unge Totningane høgt i banen. Vår toppscorar Kai Arne Kvale vart sett ned som mittstoppar, og løyste den oppgåva så bra at han vannt stjernekåringa etter kampen.
Formasjonen i vårt lag var som sagt ny, og den vil bli prøvd meir framover. FK Vang skapte mange sjanser mot ein god motstander, det var meget positivt sjølv om tapet vart stort til slutt. Spelemessig burde resultatet ha vore 2 mål i pluss til Raufoss, sjanse og cornerstatistikken seier også det.
FK Vang sitt mål kom 7 minutt ut i andre omgangen, Ole Eirik Syversen vart felt innanfor 16 meteren av ein ellers god Raufoss keeper. Robert Christensen scora sikkert på straffa til venstre for keeperen.
Laget: Jon, Sverre, Kai Arne K, Øyvind, Tore, Kim K, Kai Arne S, Kim B, Anders, Syversen, Robert, Kasper, Kristoffer 86, Olav og Even.
Kampen:
0-1, 13 min.
0-2, 16 min.
0-3, 30 min.
1-3, 52 min. Robert Christensen (Ole Eirik Syversen)
1-4, 64 min.
1-5, 70 min.
1-6, 80 min.
1-7, 85 min.
