Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang 2 - Bagn: 3-3 (0-2)

Publisert 16/06/2011

Tveit stadion kunstgras 15 juni kl. 19.45
Dommar: Gjermund Gjevre
Publikum: 

Poengdeling i kveldens kamp mot Bagn, kampen vart flytta fram pga at Bagn ikkje kunne spela kampen i morgen.
Bagn kom best igang og hadde taket på oppgjeret med sine 2 mål i pluss til pause.
Kai Arne Sandhaugo som var spelande ledar i kampen fekk snudd innstillinga i pausa og FK Vang var best dei siste 45 minutta.
Resultatet 3-3 var greit nok, men hadde kampen gått på berammet dag ville andrelaget vårt vore styrka.
Spelemessig viser FK Vang 2 gode takter og er flinke til å trille ball og spelar seg fram til mange sjanser.
Alimkhan Gudajev scorar på hedding etter corner frå Taxi Kvien, Kai Arne Sandhaugo prikkar inn mål nr. 2 etter ein retur og Sverre Melby puttar den 3. scoringa etter passning frå Kai Arne Sandhaugo.
Kai Arne Sandhaugo blir kåra til dagens mann, mens Tommy Enger og Sverre Melby kjem på plassane bak.
FK Vang fekk også oppleva og sjå far og sønn på samme lag i kveld, storhending var dette for spelara, publikum og for jr. og sr. Eltun.

Laget: Ismatullah, Kasai, Kr 86, Vidar E, Tommy, Even, KAS, Vegard E, Taxi, Sverre, Kjetil og Alimkhan.

Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126388