Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Valdres FK - FK Vang: 4-2 (3-1)

Publisert 20/06/2011

Blåbærmyra 20 juni kl. 19.30
Dommarar: Kristoffer Leirdal, Hans Foss og Knut Sørhusbakken
Publikum: Ca. 30

Valdres FK stilte opp med reint junior interkretslag i 1. omgangen. Kristian Tuv og Simen Høglien på Valdreslaget eigde mittbanen dei fyrste 45 minutta og Valdres FK 2 leia fortjent med 2 mål til pause. Valdres FK var meget gode denne omgangen og dei to nemte fekk mykje rom å boltre seg i. FK Vang fekk si scoring i slutten av omgangen etter hedding frå Robert Christensen, framspelet hadde kaptein Anders Skrebergene.
FK Vang starta kampen ein smule for offensivt, dette vart justert litt i slutten av fyrste omgang og siste halvdel spelte me 4-4-2.
I andre omgang var FK Vang det klart beste laget, me vann att mittbanen og skapte mange sjanser. Syversen og Robert var begge åleine mot ein god Valdeskeeper, men klarte ikkje å få ballen i nota.
FK Vang si scoring i andre omgang kom etter ein sleiv frå Valdres FK trenar Erik Sanne, ballen gjekk i fin boge over ein utspelt keeper. Kansje var dette kveldens nest finaste mål, den flottaste scoringa hadde Kristian Tuv på si hedding etter corner i 1 omgangen. Valdres FK bytte mange spelara utover i kampen, dette kunne fort ha vorte poengtap for heimelaget, om dei før omtalte sjansene til Vang hadde ført til uttelling.
Kim Bøland vart kåra til FK Vang sin beste, Robert og Anders var tett bak. Pluss også til Tore, han presterte meget bra som stoppar den halve omgangen han fekk prøve seg der.

Laget: Jon, Sverre, Anders, Kai Arne K, Tore, Syversen, Kai Arne S, Kim B, Kim K, Kasper, Robert, Kristoffer Kvale, Tormod og Even. Tommy og Håvard ubenytta.

Kampen:
1-0, 6 min.
2-0, 25 min.
3-0, 28 min.
3-1, 33 min. Robert Christensen (Anders Skrebergene)
4-1, 51 min.
4-2, 83 min. Selvmål Erik Sanne (Kim Bøland)

Trening denne veka: Tysdag kl. 19.30