Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang - Snertingdal: 8-2 (2-1)

Publisert 24/06/2011

Tveit stadion kunstgras 24 juni kl. 19.30
Dommarar: Kim Larsen Bjeglerud, Sven Ahnstrøm og Knut Anders Saglien
Publikum: ca 30 stk.

Måla kom omsider for FK Vang i kveld, laget presterte bra og skapte mange sjanser. 
Når anledningane baud seg, kom FK Vang framover med mange og scora mange flotte mål. 
Snertingdal var absolutt med i 1. omgang og burtelaget scora også det fyrste målet i kampen, dette skjedde etter ca 13 min. FK Vang skapte halvsjanser, men fyrste scoringa vår kom etter at Kai Arne Kvale braut ein passning og fossa fram på venstresida, innlegget vart kontant putta i nota av spisskolega Robert Christensen. 2-1 målet vart notert i blokka halvtimen ut i kampen, Ole Eirik Syversen fekk ein passning ute på vår høgreside og sprinta rundt backen, Ole fekk til eit bra innlegg som Kai Arne Kvale ekspederte kontant i mål. Begge lag hadde fleire sjanser, men FK Vang var det førande laget og kunne fortjent ta pause med 2-1.
Stemninga i pausa var god og laget gjekk ut til dei siste 45 minutta med god tru på seier.
Andre omgangen var meget god av FK Vang, ballen blir trilla og løpa offensivt kjem. Etter ca 10 minutt kjem fyrste nettkjenninga, Ole Eirik Syversen kjem rundt på høgresida, han får til eit bra innlegg og Kai Arne Kvale puttar si andre scoring i kveld.
Ole Eirik Syversen blir felt innanfor 16 meteren kvarteret ut i omgangen, dommaren bles og peikar på 11 meteren. Robert feiar straffa inn til venstre for keeperen.
Snertingdal vil også vera med i omgangen og reduserar til 4-2. FK Vang tek avspark etter baklengsmålet, Syversen fossar fram på høgresida og får ballen, Kai Arne Kvale leser situasjonen godt og scorar atter etter perfekt innlegg frå dagens mann Syversen. 5-2 målet kjem berre 1 minutt etter Snertingdal si scoring og er meget viktig.
Kampen er vår nå, Kai Arne Kvale viser driblekunster og sentrar inn i mot mitten der Robert dukkar opp og scorer. Kvarteret før slutt blir Olav Ulven felt innanfor 16 meteren og ny straffe til FK Vang, Robert lader kanonen og plasserer straffa utagbart for Snertingdal sin keeper.
Uret viser 90 minutt då FK Vang får får frispark ute på vår høgreside 35 meter frå mål. Ole Eirik Syversen viser god verbal evne då han får overta eit frispark som Kim Bøland står klar til å ta. Ole Eirik dundrar til, ballen fykk rett inn i motsatt kryss og kveldens mann Ole Eirk Syversen får dermed æra av å fastseta sluttresultatet til 8-2 på ein særdeles nydeleg måte.
Ole Eirik dagens mann, med Kai Arne Kvale og Kim Bøland på plassane bak.
Heile laget presterer bra i kveld, moro å sjå god fotball på Tveit stadion.

Laget:
Jon, Sverre, Øyvind, Tore, Kai Arne S, Ole Eirik, Kim B, Anders, Kim K, Robert, Kai Arne K, Olav, Kristoffer Kvale, Vegard K E, Kasai og Even.
     
Kampen
0-1, 12 min.
1-1, 23 min. Robert Christensen (Kai Arne Kvale)
2-1, 34 min. Kai Arne Kvale (Ole Eirik Syversen)
3-1, 56 min. Kai Arne Kvale (Ole Eirik Syversen)
4-1, 60 min. Robert Christensen (Ole Eirik Syversen) straffe
4-2, 66 min.
5-2, 67 min. Kai Arne Kvale (Ole Eirik Syversen)
6-2, 71 min. Robert Christensen (Kai Arne Kvale)
7-2, 75 min. Robert Christensen (Olav Ulven) straffe
8-2, 90 min. Ole Eirik Syversen