Ringelia - FK Vang 2: 4-4 (3-3)
Publisert 25/06/2011
Ringelia stadion 25 juni kl 15.30
Dommar: Lokal helt
Poengdeling ved Randsfjordens bredd i dag.
Det vart 7er kamp, FK Vang klarte kun å stille med 8 mann. God innsats var det av gjengen, Kai fekk strekk etter 1 minutt og dei 7 som då var speledyktige sto på heile kampen ut.
Sindre Moen som er sitt 15 år debuterte for FK Vang senior i dag, han vokta buret og gjorde sine saker bra. For dei som erindrar 80 tallet var det også då ein Moen i mål for Vangslaget og Sven Ingar er far til Sindre. Både Sindre og Vegard er 15 år, og begge var med i dag. Det er bra at ungutane kjem opp og får prøve seg på seniornivå, 5 div er ein grei arena for dette.
Stillinga ved pause idag var 3-3, Tore Gjevre Haugen scora alle tre måla i 1. omgang, Even Helle og Vegard Kjøs Egge hadde assistane. Sjanse og cornerstatistikken var i FK Vang 2 sin favør, men mange avsluttningar vart redda av ein god Ringeliakeeper.
I andre omgangen scora begge laga kvart sitt mål og sluttresultatet vart 4-4. Kasai Mewcha scora FK Vang sitt siste mål.
Tore Gjevre Haugen og Vegard Kjøs Egge delte toppplasseringa i stjernekåringa, men Tore med sine tre mål på ein omgang fortjenar å få bilde på nettsia.
Laget: Sindre, Vegard E, Vegard K E, Kasai, Merhawi, Even, Tore og Kai.
Neste kamp og siste kamp før ferien er på burtebane mot Aurdal/Leira onsdag 29 juni kl. 19.00
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126388
