Gjøvik-Lyn - FK Vang: 7-0 (0-0)
Publisert 29/06/2011

Gjøvik stadion tysdag 28 juni kl. 19.30
Dommarar: Nils Arne Solberg, Arnold Andersson og Tom Erik Brenden Våtsveen
Publikum: Ja
FK Vang reiste til Gjøvik med eit tynt mannskap, heile angrepsrekka måtte melde pass før kveldskampen.
Kasai vart skadet etter ca halvtimen og måtte overnatte på Gjøvik sjukehus, smellen med ein Gjøvikspelar førte til kragebeinsbrudd og hjernerystelse.
FK Vang var greit ned i kampen dei fyrste 45 minutta og held nullen. Det raknna etter kvila og 6 mål i hekken kom i løpet av 15 minutt.
Bra innsats av dei spelarane som vart med til Gjøvik denne kampen, mange av dei har ikkje mykje 4 div. spel i år. Synd og meget beklagelig at så mange av våre faste i A lagstroppen ikkje kan/vil væra med i dette oppgjeret.
Øyvind Kjøs Egge vart kåra til dagens FK Vang spelar.
Laget: Jon, Sverre, Øyvind, Tore, Kristoffer Kvale, Kim K, Kim B, Olav, Anders, Vegard, Kaai, Even Thomas og Tommy.
Onsdag kveld:
Kasai er på bedringens veg, men er fortsatt på Gjøvik sjukehus. Ekspertar skal vurdere skaden og tek stilling til om meir behandling må til.
Må også rette ein takk til den uheldige Gjøvikspelaren som forårsaka skaden, han kom på sjukehuset to gonger mens vi venta på svar i går og var meget lei seg for det som hadde skjedd. Smellen i kampens hete var eit uhell og ingen kan klandrast for det som skjedde.
Gjøvik-Lyn framstår i år rett og slett som eit meget sympatisk og godt fotballlag.
