Aurdal/Leira - FK Vang 2: 0-2 (0-2)
Publisert 29/06/2011

Leira stadion 29 juni kl 19.00
Dommar: Terje Bråten (god)
Publikum: 20 stk
FK Vang 2 tok fortjent 3 nye poeng.
Det er absolutt best med 11 er fotball, Vangslaget stilte med brukbart mannskap mot Aurdal Leira, men hadde berre 11 stk.
Statistikken etter dei fyrste 45 minutta i kveld viser eit rimeleg bra overtak til FK Vang 2, 0-5 i corner og 3-9 i sjanser.
Det var store sjanser til begge lag før scoringane kom, stolpene og tverrliggar sto i vegen ved 4 anledningar jamnt fordelt på verter og gjester.
0-1 kom etter litt klabb og babb, Tommy Enger fekk assisten på Vegard Kjøs Egge si scoring. I slutten av omgangen flikkar Thomas andre Gjerde inn 0-2 på lekkert vis, Even Helle hadde assisten på denne.
Andre omgang blir jamnare, og kampen bølger att og fram.
Keeper Håvard Omdahl fekk ein smell i foten og måtte ut 20 minutt før slutt, 10 mann på Vangslaget står i mot og dreg iland 3 poeng.
Stjernekåringa etter kampen viser atter at aurdølingen Tommy Enger blir dagens mann. Tommy har roa i seg og får med dei andre til å spela ball, han betyr mykje for vårt 2. lag. Unguten Even Helle tek også mange poeng og havnar på sølvplass, mens Anders og Jarle deler bronsa.
Laget: Håvard, Hallvor, Jarle, Tommy, Anders, Vegard, Taxi, Kai Arne S, Even, Syversen og Thomas.
Tabell: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=126388
Trening i summar: Tysdag og Torsdag kl 19.30
