Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Søndre Land - FK Vang: 2-3 (1-1)

Publisert 29/07/2011

Søndre Land stadion fredag 29 juli kl. 19.00
Dommarar: Svenn Olav Fossholt, Morten Haugrud og Bjørn Dag Lundhaug
Publikum: Ca 50 stk

FK Vang fekk revansj frå oppgjeret på Tveit i vårkampen, der me tapte med 1 mål. Kampen var i dag også jamn, men FK Vang sine gutar drog iland ein trepoenger på burtebane.
Varmen er komen til sør Norge og drikkepauser var nødvendige mitt i begge omgangane i kveldens oppgjer. Det var ein sliten men lykkelig gjeng Valdresgutar som no kan ta helg med 5 lag bak seg på tabellen.
Søndre Land hadde ballen mykje, men hadde problem med å få avsluttningane mot vårt mål.
FK Vang mangla sine keepera, men utespelar Sondre S Melby tok på hanskane og gjorde ein meget god innsats. Kaptein Anders måtte også stå over pga gule kort, men 38 åringen Tommy Enger fekk kapteinsbindet og var sjef på mittbanen. 

22 juli tragedia vart markert med 1 minutts stillheit før kampstart, spelara og dommarar markerte med å bruke sørgebånd på venstre overarm.

Kampen starta litt nervøst frå begge lag med mykje langt spel, omtala Tommy vannt det meste av duellane på mitten og tok dermed brodden av Søndre Land si forse. 9 minutt ut i kampen kjem kampen sitt finaste mål, Syversen spelar fram Kai A Kvale som elegant lobbar ballen over keeper og fører gjestene opp i leiing. Søndre Land utlignar 8 minutt seinare etter ei sjanse som blir avklara, men desverre ut i returrommet der det står ein landing åleine og prikkar ballen inn i lengste.
1-1 til pause er greit nok, godt med pause i den steikande sola i Hov.

Andre omgangen startar med Søndre Land press, men heimelaget kjem ikkje til dei heilt store sjansene. Vårt forsvar og keeper gjer ein meget god jobb. 22 minutt ut i omgangen får FK Vang eit frispark på vår høgresie, Kasper Kjeldsen har ein god høgrefot og legg eit perfekt innlegg som Kai A Kvale omset i leiing for gjestene. Nygifte Kai A Kvale er no berre eit mål bak Robert som er toppscorar for FK Vang så langt i år. Vårt neste mål er noko heldigt, men det er stor vilje i burtelaget. Kai A Kvale vinn ballen nede ved cornerflagget og passar til Sverre Melby som er komen i støtte, Sverre legg ballen til rette og skrur ballen burt i lengste hjørna for Søndre Land sin keeper.
Søndre Land reduserar til 2-3 fem minutt før slutt og prøver og prøver, men FK Vang rir Søndre brisen av i sluttminutta.

Flott opplegg før kampen i Land med frukt, drikke og kaffe i garderoba og sist men ikkje minst vaffelserveringa i garderoba etter at me hadde kapra alle poenga viser storsinn frå Landingane.

Heile laget vårt presterte bra i kveld, men Øyvind Kjøs Egge og Tommy Enger deler topplassen i avstemminga og Øyvind som er yngst får pryde nettsia.

Laget:
Sondre, Kasper, Øyvind, Tore, Frank, Kim K, Tommy, Kai A S, Kim B, Syversen, Kai A K, Sverre, Vegard og Kr. Kvale.
Ubenytta: Even, Ismatullah og Mashoq

Kampen:
0-1, 9 min. Kai Arne Kvale (Ole Eirik Syversen)
1-1, 17 min.
1-2, 67 min. Kai Arne Kvale (Kasper Kjeldsen)
1-3, 77 min. Sverre Melby (Kai Arne Kvale)
2-3, 85 min.

Treningar framover: tysdag og torsdag kl. 19.30.