Redalen - FK Vang: 8-1 (1-1)
Publisert 13/08/2011

Redalen stadion fredag 12 august kl. 19.00
Domarar: Lucian Popa, Adrianus Teunis Nugteren og Ole Lagesen
Publikum: ca 40
Skryt til spelarane som vart med til kveldens kamp, kun 12 klarte FK Vang å stille med og av dei ingen keeper.
Spiss Kai Arne Kvale var keeper dei fyrste 55 minutta og mittbanestrateg Tommy Enger avslutta som burvokter.
Det er meget synd at så mange ikkje kunne vera med i denne kampen, FK Vang var fullt på høgde med heimelaget dei fyrste 45 og stillinga var 1-1 til pause.
FK Vang starta også 2 omgangen med ei stor sjanse, men bomma desverre, like etter scora Redalen fyrst 1 så 2 mål og FK Vang bytta keeper for å få Kai Arne opp til spissmakker Robert. FK Vang justerte laget til 4-4-2 formasjon, og lykkast heller dårlig med det valget. 3 mål til i mot i løpet av 7 minutt vart fasitten og det kan ikkje Tommy klandrast for.
Redalen spelte bra fotball i deler av andreomgangen og scora mange fine mål, men uttellinga var vel bortimot 100 % i forhold til sjansene dei skapte denne omgangen.
Sjansestatistikken syner 12 - 6 og cornerstatistikken er 4-4 etter 90 minutt.
I kampane som nå står igjen kan ikkje FK Vang godta at spelarane ikkje stiller opp for klubben utan god grunn, heretter vil det få følger for laguttaket til neste kamp.
FK Vang sitt mål vart scora av Kasper Kjeldsen, asisten hadde Vegard Kjøs Egge.
Dagens mann på FK Vang vart atter Øyvind Kjøs Egge, på delt sølvplass kom broren Vegard Kjøs Egge og Anders Skrebergene.
Laget:
Kai Arne K, Sverre, Øyvind, Tore, Kasper, Kristoffer Kvale, Tommy, Anders, Kai Arne S, Vegard K, Robert og Even
Kampen:
1-0, 7 min.
1-1, 25 min. Kasper Kjeldsen (Vegard K Egge)
2-1, 48 min.
3-1, 51 min.
4-1, 55 min.
5-1, 57 min.
6-1, 62 min.
7-1, 68 min.
8-1, 90 min.
Trening neste veke kl. 19.30 torsdag.
