FK Vang - Gran: 0-4 (0-1)
Publisert 20/08/2011

Tveit stadion kunstgras 20 august 2011.
Dommarar: Arnfinn Botten, Bjørn Lunden og John Grønbrekk.
Publikum: ca 20
Speaker: Elisabeth Øraker
FK Vang var meget gode i fyrste omgang, men klarte ikkje å overliste ein av divisjonens beste keepere. Heimelaget spelte god fotball anført av evigunge Tommy Enger, 6-1 i målsjanser og 0-1 til pause var meget ufortjent. Ole Eirik Syversen hadde mange gode avsluttningar på mål, men den omtala Grankeeperen klarte å avverge alt. Gran prøvde også å spela bra fotball før pausa, men kom ikkje til dei store sjansene før etter ein corner i det 40-ende minutt og den fekk dei lurt inn etter klabb og babb i feltet. Meget synd at heimelaget ligg under til pause, men trua om seier er der og gutane er klare for kamp dei siste 45.
FK Vang starter 2 omgang med samme mannskap og full fres frå start er målet.
Kun 3 minutt går det, Gran presser mittforsvaret vårt som ikkje får avklara og det straffer seg med 0-2 i sekken. Skikkeleg drittstart for heimelaget, me kan ikkje gje gåvepakker som dette til Gran sine gode spissar.
FK Vang har mykje bra spel også etter denne kalddusjen, men skapar dårleg med store sjanser. 20 minutt av omgangen er gått då det atter ein gong ikkje er bestemt nok i mittforsvaret, og ein Granspiss snappar ein dårleg passning og omset denne med mål. Gran scorar eit mål til mot eit FK Vang lag som gjer litt opp mot slutten.
Med toppscorar Kai Arne Kvale, mittbanespelar Kim Bøland og mittstoppar Tore G Haugen som alle tre måtte stå over i dag, spelar FK Vang ein av sine beste omgangar med tanke på dei fyrste 45 minutta i dag. Det må me ta med oss, kampen i dag er det små marginar som avgjer at Gran tek alle poenga i.
Dagens menn i FK Vang er Anders Skrebergene og Ole Eirik Syveresen, Ole Eirik velger "Harald" på 20-kroningen og Anders må ta til takke med båten på motsatt sie. Bildet på nettsia syner kven av dei to som vannt den duellen.
Tommy Enger og Kai Arne Sandhaugo delte 3. plassen.
Laget: Thomas, Kasper, Øyvind, Anders, Frank, Kim K, Tommy Kai Arne S, Vegard, Robert, Ole Eirik, Olav, Sverre og Jon
Kampen:
0-1, 40 min.
0-2, 47 min.
0-3, 65 min.
0-4, 73 min.
Trening neste veke: Tysdag og torsdag 19.30
