Nye spelara
Publisert 24/08/2011
Tre nye spelara til FK Vang og eit "come back"
Tor Andre Rakstad 19 år frå Heggenes, Bjørnar N Hermundstad 19 år frå Rogne og Jarle Haugrud 22 år frå Slidre har alle signert for FK Vang.
I tillegg har Stein Ivar Sørengen, tannlegen i Ryfoss og formann i Slidre/Røn FK spelt kamp for B-laget i bortekampen mot Varde. Det er moro at 41 åringen Sørengen er på plass, han er ein publikumsmagnet med sin innsats både spelemessigt og verbalt.
Tor Andre er mittbanespelar med god teknikk, bra blikk for spelet, han har spelt for Valdres FK og Ø.Slidre/Rogne, Bjørnar har spelt mest i forsvar, men kan brukast mange plassar. Bjørnar har spelt for Valdres FK og Ø.Slidre/Rogne.
Jarle er keeper, han er god i felt og på strek. Jarle har hatt ei 4 års pause, men satsar nå for fullt. Mr. Haurud har spelt for Valdres FK og Slidre/Røn FK.
Me ynskjer alle velkommne til klubben og er rimeleg sikkre på at dei vil lykkast godt i FK Vang.
