Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Toten - FK Vang 9-0 (7-0)

Publisert 27/08/2011

Skreia grasbane 27 august kl. 15.00
Dommarar: Karl-Fredrik Velle, Hans Foss og Kjell Gunnar Skjærvik.
Publikum: ca 60 stk.

FK Vang gjekk på eit stort tap i dag, Toten beherska det blaute underlaget best og var gode siste del av i 1. omgangen.
Gjestene var med på notane i starten og hadde ei kjempesjanse etter 6 minutt, men ein god Totenkeeper redda mesterlig.
12 minutt ut i oppgjeret får Toten inn ein heldig lobb og 3 minutt seinar får dei atter nettkjenning. FK Vang er fortsatt med i kampen og i det 23 minutt får me straffe då Kai A Kvale blir felt innanfor 16 meteren. Kai Arne tek straffa sjølv, han plasserar den bra ut til venstre for den omtala keeperen som får to fingrar på straffa og reddar. Like etter dette får Toten inn ei heldig scoring og stillinga er då 3-0.
FK Vang er meget sløve resten av omgangen, og Toten scorar på nesten alt dei skapar. Markeringane inne i vår boks er fraverande og Totningane får scora upressa fleire gonger. 7-0 til pause er drøy kost og poeng i denne kampen er umulig.
I pausa er me enige om å jobbe som eit lag og ta ansvar idividuelt og kollektivt, 2 siffra tap er målet å unngå. 2 omgangen er mykje bedre av FK Vang og godkjent, 2 mål dei siste 10 minutta er greit nok.
Tre nye spelara debuterer for FK Vang i dag, Jarle i mål, Tor Andre på mittbanen og Bjørnar i forsvar gjer alle tre ein god jobb og er positive bidrag både på og utanfor banen.

Vegard Kjøs Egge er dagens FK Vang spelar med god margin, han er vel den spelaren som spring mest på banen i dag og vinn stemmesankinga meget fortjent. Broren Øyvind kjem på sølvplass og Kim Bøland tek tredjeplassen 1 stjerne før Jarle Haugrud. 

Laget: Jarle H, Kasper, Øyvind, Tore, Frank, Sverre, Anders, Kim B, Kai A S, Vegard, Kai A K, Even, Tor Andre og Bjørnar 

Kampen:
1-0, 12 min.
2-0, 15 min.  
3-0, 25 min.
4-0, 28 min.
5-0, 30 min.
6-0, 34 min.
7-0, 40 min.
8-0, 80 min.
9-0, 89 min.

Treningar neste veke: Tysdag og torsdag kl. 19.30