Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang 2 - Breiskallen: 5-0 (1-0)

Publisert 28/08/2011

Tveit stadion kunstgras 28 august kl 15.00
Dommarar: Geir Kongslien, Tor Erik Berge, Ida Renate Rødtvedt og 4. dommer Anders Haugen
Publikum: Ca 10 stk.

FK Vang 2 klarte å stille med heile 13 stk i dag, men ingen keeper. Kristoffer Lien Kvien kom sist av spelarane og måtte ta på hanskane dei fyrste 45 minutta. Kristoffer held nullen, og overrekte hanskane til Tommy Enger i pausa, Tommy var ikkje dårlegare, så keepertalenta er det flust av i FK Vang.
Fyrsteomgangen var relativt jamn, men med eit lite overtak til FK Vang. Cornerstatistikken syner 4-1 i heimelaget sin favør, Tor Andre Rakstad sler cornerane i dagens oppgjer og det gjer han godt, 20 minutt ut i kampen skrur han likeså godt ein av cornerane rett i nota med stor kraft.
1-0 i protokollen ved pause, fokuset i pausa er å fortseta det gode spelet, men også å prøve meir i bakrommet.
FK Vang 2 skapar mange sjanser på bakromspassningane, 12 minutt er gått av 2 omgang når "Taxi" Kvien spelar fram "Mini" Kvien som scorar sikkert.
Even Helle som var toppscorar for FK Vang 2 i 2010 vil også på scoringslista i dag. 33 minutt ut i omgangen snappar han opp ein retur feilvent på ca 25 meter, Even snur seg og smeller ballen heilt i krysset, nydeleg mål.
Samarbeidet Taxi, Mini sler ut i gevinst at i det 40-ende minutt og 4-0 i protokollen.
Vingspelar gjennom mange år, Kai Rune Hemsing får æra av å avslutte med 5-0 i sekken for Breiskallen, asisten får Vegad Kjøs Egge.
FK Vang 2 var i dag ei god blanding av litt eldre og yngre spelara, spelet var meget bra stort sett heile kampen. Synd berre 10 publikummera fekk oppleva kampen.

Tor Andre Rakstad vart fortjent kåra til dagens mann i FK Vang, han er ein god dirigent på mittbanen, ikkje heilt ulikt karen som kom på sølvplass Christoffer "Taxi" Kvien. Ellers bra innsats av heile laget.

Laget: Kristoffer L K, Nils Arne, Tore, Jarle J, Bjørnar, Tommy, Million, Tor Andre, Christoffer, Kai Rune, Vegard K E, Even og Tor Erik. 

Kampen:
1-0, 20 min. Tor Andre Rakstad
2-0, 57 min. Kristoffer Lien Kvien (Christoffer Kvien)
3-0, 78 min. Even Helle
4-0, 85 min. Kristoffer Lien Kvien (Christoffer Kvien)
5-0, 90 min. Kai Rune Hemsing (Vegard Kjøs Egge) 

Neste kamp for FK Vang 2: Tysdag 30 august kl. 18.30 burte mot Vest Torpa 2 på Lundemoen.