Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Ihle - FK Vang: 1-2 (1-0)

Publisert 03/09/2011

Grønnlandsletta, laurdag 3 september kl. 15.00
Dommarar: Knut Storvik, Jan Erik Haugom og Svein Kristiansen
Publikum: ca 20 stk.

Meget viktig burteseier og 3 poeng mot eit godt kjempande heimelag.
Ihle svinger veldig i sine prestasjoner og mannskap, men idag stilte heimelaget med eit aldrande men godt mannskap.
FK Vang starter kampen godt og spelar seg fram til fleire store sjanser, men klarar ikkje å få ballen i nota. Sju sjanser er notert frå dei fyrste 45 minutta mot Ihle sine tre, men resultatet er 1-0 til heimelaget ved pause. Scoringa til Ihle kjem 20 minutt ut i omgangen. FK Vang får eit mål anulert pga offside noko som var heller tvilsomt.

Pausa blir brukt godt og gutane er enige om å trille ball og virkelig jobbe som eit lag i andre omgangen. Dette lykkast til tider. Ihle har kansje den største sjansa tidleg i omgangen då ei avsluttning går i tverrliggaren og ned på streken og ut igjen. Etter dette er det FK Vang som fører kampen og etter 15 minutt får FK Vang frispark på ca 25 meter. Kim Kveno legg frisparket perfekt mot lengste stolpe, Øyvind Kjøs Egge er der og styrer ballen i nettmaskene med ryggen. Etter dette vart Ihle stressa og FK Vang vannt duellane og plukka opp fleire feilpassningar frå heimelaget. 20 minutt er gått av omgangen når keeperen vår Jarle set igang Vegard Kjøs Egge på vår venstreside, Vegard ruser framover i formidabel fart og når han nermar seg spissen på heimelaget sin 16 meter ser han Kim Kveno som kjem i medløp meir sentralt. Kim får ballen og dundrar den inn i nota utagbart for Totenåsen sin sisteskanse. Kampen bølger etter dette litt att og fram, men minutta går fort og kampens gode dommar bles for full tid og FK Vang har klart årets kansje viktigste 3 poenger for sin eksistens i 4 divisjon.
        
Med tanke på at begge toppscorarane våre ikkje var med i dag og at Anders også måtte melde forfall presterar dei som kjem inn godt og det er bra.
FK Vang vart klart styrka av overgangane me fekk på tampen før overgangsvinduet vart stengt, så all ære til dei nye spelarane som har glidd supert inn i gruppa.

"Pokerfjes" Kim Kveno vart fortjent kåra til FK Vang sin beste spelar, Øyvind Kjøs Egge var ein like klar toer og Kim Bøland og Vegard Kjøs Egge delte tredjeplassen. Må også nevne Kasper Kjeldsen som tok toget tur retur Oslo-Gjøvik-Oslo for å bli med på kampen. 

Laget: Jarle H, Kasper, Øyvind, Tommy, Tore, Tor Andre, Kai Arne S, Kim B, Vegard, Ole Eirik, Kim K, Frank, Kristoffer Kvale, Bjørnar og Sverre.   
     
Kampen:
1-0, 20 min.
1-1, 60 min. Øyvind Kjøs Egge (Kim Kveno)
1-2, 65 min. Kim Kveno (Vegard Kjøs Egge)

Treninger komande veke: Torsdag kl. 19.30