FK Vang - Biri: 1-2(1-2)
Publisert 11/09/2011
Tveit stadion kunstgras 11 september kl. 15.00
Dommarar: Adrianus Teunis Nugteren, Sven Ahnstrøm og Hans Foss
Speaker: Ordførekandidat Eltun
Biri var heldige som fekk med alle poenga frå Tveit i dag. Gjestene var det førende laget før pause og leia kampen fortjent til halvtid. I andre omgangen hadde FK Vang den største sjansa og burde ha utligna og fått med det eine poenget.
Kampen starta litt så som så for vår del, ikkje alle spelarane var heilt på høgget i starten og Biri kunne fort ha tatt leiing tidleg i kampen. Spelet jamna seg noko ut og FK Vang kom på nokre visittar framfør gjestene sitt mål. i det 16 minutt får Kai Arne Sandhaugo ballen på vår høgreside og fører den med seg, han legg eit flott innlegg i brysthøgde over til navnebror med etternavn Kvale, Kai Arne K tek ballen flott ned og klinkar den utagbart i netttaket. 1-0 følest godt, men står seg berre i 7 minutt, då ein Birispelar får snu seg i feltet og skyte, ballen går i tverrliggaren og i mål, bra prestasjon. Kun 2 minutt seinar er det Biri som kjem i føriga etter slapp opptreden frå vårt lag. Stillinga held seg til pause, sjølv om Biri også får straffe som Jarle Haugrud mesterleg reddar 2 gonger etter å ha gjett retur.
FK Vang blir enige i pausa om å væra meir oppi Biri sine 2 styrande på mittbanen og lykkast veldig godt med det. Kampen dei siste 45 minutta er jamn og heimelaget har fleire tilløp og den desidert største sjansa i andre omgang. Gutane fortjenar poeng etter kjempinga si i andre omgang, men makter ikkje å få ballen i nota.
Me ynskjer Biri lykke til vidare i sesongen og håper me kan ta poeng frå dei 2012.
Keeper Jarle Haugrud blir dagens mann i FK Vang og det fullt fortjent, Kim Bøland tek sølvplassen og Anders Skrebergene får bronsa.
Laget: Jarle H, Kasper, Øyvind, Anders, Tore, Kim K, Tommy, Tor Andre, Kim B, Kai Arne S, Kai Arne K, Ole Eirik, Bjørnar, Even, Kristoffer Kvale, Olav, Sverre
Kampen:
1-0, 16 min. Kai Arne Kvale (Kai Arne Sandhaugo)
1-1, 23 min.
1-2, 25 min.
Treningar neste veke: Tysdag og torsdag kl. 19.30
B-lagskamp heime måndag og burte fredag.
