Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

Raufoss 2 - FK Vang: 5-0 (0-0)

Publisert 20/09/2011

Raufoss storhall måndag 19 september kl. 19.30
Dommarar: Eirik Hyldbakk Furu, Rolf Åge Smith og Nils Røli
Publikum: ca 40

FK Vang gratulerer Raufoss 2 med 3 div. kontrakt for neste år. Raufoss 2 har vært suverene i årets 4 div., og burde vel ikkje ha rykka ned i 2010.
Valdreslaget klarte seg bra fram til pause i kveldens kamp og kunne med litt hell tatt leiinga like før pause då Kim Bøland er like ved å få plassert eit brassespark mellom stengene etter ein corner. Dette hadde vore i mot spelets gang, men Raufoss klarte ikkje å få hull på våre forsvarslinjer før ut i andre omgang.
Raufoss 2 scora 3 minutt ut i andre omgangen etter at dei kom gjennom på vår høgreside. Dette sette fart i heimelaget som  fekk idømt straffe nokre minutt etter scoringa. Straffa var på ingen måte veldig klar og Raufossspelaren bomma på mål. I det 55 minutt får linjemannen på innbyttersia spasmer og viftar som gal etter ei takling innanfor 16 meteren, dommaren som er godt plassert bles ikkje straffe og spelet går vidare inntil den viftande på sia får kontakt med kampledaren og får stoppa spelet. Etter ein diskusjon på sia bles dommaren og peikar mot straffemerket for andre gong, Raufoss scorar sikkert på denne og 2-0 i protokollen for vertane. Raufoss trykkte bra på og fekk 2 mål til i løpet av dei neste 15 minutta. 5-0 kom på overtid, scoringa kom etter ei keeperetabbe. Alt i alt bør gjestene frå Vang væra rimeleg godt fornøyde med kampen sjølv om me tapar med 5 mål.
Anders Skrebergene vart kåra til FK Vang sin beste med Jarle Haugrud (vart desverre skada) som nummer to og Kim Bøland på tredje.

Laget: Jarle H, Bjørnar, Øyvind, Anders, Tore, Kim K, Tor Andre, Kim B, Kai Arne S, Ole Eirik, Kai Arne K, Olav, Sverre, Even, Jon og Vegard K.

Kampen:
1-0, 48 min.
2-0, 55 min.
3-0, 58 min.
4-0, 68 min.
5-0, 90 min.   

Raufoss skriv dette: http://www.raufossfotball.no/?p=6989

Trening denne veka: Fredag kl 19.30 på Tveit