Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang 2 - Ringelia: 1-0 (1-0)

Publisert 24/09/2011

Tveit stadion kunstgras laurdag 24 september kl. 15.00
Dommarar: Geir Kongslien, Trond Birger Dalemark og Ida Renate Rødtvedt
Publikum: ca 15 stk.

FK Vang 2 vannt fortjent i dagens kamp. Kampen var den siste i år for 2 laget, og det var godt å avslutte med seier.
Heimelaget hadde ca 13 sjanser og 11 cornera i løpet av kampen, men scora berre 1 mål. Ringelia forsvarte seg godt, men skapte ikkje så mykje framover.
Seieren burde ha vore mykje større, men avsuttningane satt ikkje godt nok.
Målet kom seint 1. omgang, Vegard Kjøs Egge gjekk ut for å ta corner på vår høgreside, Vegard la corneren med god kraft og skru innover mot Ringeliamålet, keeperen prøvde å slå ballen ut, men slo den diverre for han inn i eige mål.
Vertskapet var bestemt på å fortseta den gode trenden utover i 2 omgang, me lykkast med det men klarte ikje å score meir mål.
Dagens mann vart Olav Ulven, 1 poeng framfør Tommy Enger og 3 poeng ned til Jarle Jevne på ein tredje plass. 
Det var også moro å sjå unguten Vegard Eltun på ny plass, han klarte seg godt på backplassen, Sindre Moen sto atter ein feilfri kamp i mål. Meget bra at ungutane syner seg fram.

FK Vang 2 kom på ein hederlig 5 plass i 5 div. i 2011, det er ein bra prestasjon med bortimot 40 spelara som har vore med i kampane. Variasjon på laget har vore stor, med andre ord.  

Laget: Sindre, Vegard E, Jarle, Kasai, Jonas, Even, Tommy, Olav, Vegard K, Million, Kasper og Tormod.

Kampen:
1-0, 44 min. Vegard Kjøs Egge 

Tabellen til slutt: http://fotball.speaker.no/FiksFotballdataClient/ft.aspx?scr=table&ftid=126388