Velkomen til FK Vang sine heimesider

Heia FK Vang!
FK Vang - Gjøvik Lyn
Tveit kunsgras
Sø 09/10 kl 15:00
Snertingdal - FK Vang 6-4
Kai Arne Kvale (10)
Robert Christensen (8)
Kim Kveno (4)
» Klikk her for oppdatert tabell

FK Vang - Valdres FK 2: 1-3 (0-2)

Publisert 27/09/2011

Tveit stadion kunstgras måndag 26 september kl. 19.30
Dommarar: Knut Storvik, Svenn Olav Fossholt og Bjørn Dag Lundhaug
Publikum: ca 40 stk.
Speaker: Nei

Valdres FK 2 vart for sterke i kveld, men FK Vang spelarane sto på og ga gjestene god motstand.
FK Vang har framstått bedre og bedre utover i haustkampane, held gutane det samme nivået framover, vil nok laget klare dei poenga som er nødvendig for å få fornya kontrakt.  
I andre omgangen er FK Vang heilt på høgde med gjestene om ikkje hakket bedre.
Valdres FK sine unge spelara har stor bevegelse og eit tydelig spelemønster, i andre omgang klarte me å presse dei høgt slik at dei ikkje fekk spelt seg ut ifrå eige mål. Med litt meir tur i nokre situasjonar kunne våre offansive spelara fort ha snappa opp tversoverpassningane i Valdres FK sitt bakre ledd. 
I neste runde møter FK Vang Snertingdal på burtebane, mens Gjøvik-Lyn er motstander i siste kampen i årets 4. div., denne kampen går på Tveit. Kampane blir garantert tøffe, men FK Vang lover å bite godt frå seg.

Vår nye keeper Jarle Haugrud var klar att til dagens kamp, Jarle presterte meget bra og vart dagens mann i FK Vang, kaptein Anders Skrebergene var to poeng bak og løpsmaskina Kim Bøland poenget bak han igjen. Alt i alt fekk heile 10 spelara poeng hos vertane, dette syner god laginnsats.

Laget: Jarle H, Bjørnar, Øyvind, Anders, Tore, Kim K, Kim B, Kai Arne S, Tor Andre, Ole Eirik, Kai Arne K, Olav, Vegard K,
Ubenyta: Kristoffer Kvale, Even, Jon og Tommy.

Kampen:
0-1, 16 min.
0-2, 22 min.
0-3, 80 min.
1-3, 83 min. Vegard Kjøs Egge (Olav Ulven)