Snertingdal - FK Vang: 6-4 (4-4)
Publisert 01/10/2011
Snertingdal idrettspark laurdag 1 oktober kl 15.00
Dommarar: Tommy Frydenlund, Helge Birkeland og Ole Lagesen
Publikum: ca 20 stk.
FK Vang ligg akkurat no på direkte nedrykksplass og har kun seg sjølv å takke for det. Snertingdal hadde mobilisert til dagens kamp og kjempa og sto på for sin vidare eksistens i 4 divisjon.
Uheldigvis fekk FK Vang fleire av spelarane sine på skadelista, noko som dagens på papiret gode dommar må ta ansvar for at skjedde. At dommaren ikkje gjer kort i nokre situasjonar er for meg ei gåte, kapteinen til Snertingdal har vel 3 kvalifiserte gule kort takklingar også gjestene bidreg med stygge takklinger. Om dommaren tek tak i desse situasjonane og gjer kort vil han få kontroll på kampen, noko han ikkje hadde desverre.
FK Vang startar kampen på ein god måte og scorar etter kun 5 minutt etter eit tilbakespel som keeperen til Snertingdal missar på, Kai Arne Kvale snapper ballen og scorar sikkert. Kun 3 minutt seinar får Snertingdal tildømt ei meget billig straffe etter ein duell med vår keper og Snertingdal sin spiss. Snertingdal er også frampå att etter 10 minutt og scorar veldig enkelt sitt mål nr. 2.
Vårt andre mål kjem etter frispark frå mitten, Kim Kveno sler ballen inn i feltet og Øyvind Kjøs Egge får pannenrasken på ballen og utliknar. Snertingdal scorar 2 mål i løpet av 8 minutter etter veldig dårleg press av gjestene og leiar kampen 4-2.
FK Vang justerer laget og spelet og kampen går meir vår veg, Kim Kveno spelar seg fri på 16 meter og kliner redusering 4-3 i krysset. 6 minutt etter og 4 minutt før pause kjem Ole Eirik framover på vår høgreside og sler ballen inn mot mål, ballen fyk inn i motsett kryss og FK Vang har fortjent utligna.
I pausa er følelsen god og gjestene er meir enn klare for dei siste 45 minutta. FK Vang skaper 2 kjempesjanser dei fyrste 10minutta av 2 omgang, men ballen vil ikkje inn. Snertingdal scorar 2 mål i løpet av 3 minutt kvarteret ut i omgangen, FK Vang er alt for tafatte i press i desse situasjonane og ber nesten om at Snertingdal får desse sjansene.
Heimelaget legg seg bakpå og klarer å sikkre alle poenga, begge lag har sjanser utover i omgangen, men meir mål blir det ikkje.
Det var ein skuffa gjeng som tok turen heim til Valdres, mest skuffa over seg sjølv og prestasjonene, men også triste pga skadene.
Gjøvik Lyn er gjester på Tveit i siste runde, FK Vang er i den situasjon at me må ta poeng mot serietreeren, også andre resultat må gå vår veg for FK Vang sin vidare eksistens i 4 divisjon. Spelarane ville ikkje ha poengutdeling etter dagens kamp, men laget var desse:
Jarle, Bjørnar, Øyvind, Anders, Kasper, Kim K, Kim B, Tor Andre, Kai Arne S, Ole Eirik, Kai Arne K, Vegard K, Even og Kristoffer Kvale.
Kampen:
1-0, 5 min. Kai Arne Kvale
1-1, 8 min.
1-2, 10 min
2-2, 18 min. Øyvind K Egge (Kim Kveno)
3-2, 20 min.
4-2, 24 min.
4-3, 35 min. Kim Kveno
4-4, 41 min. Ole Eirik Syversen (Kim Bøland)
5-4, 54 min.
6-4, 57 min.
Trening neste veke: Tysdag og torsdag kl. 19.00
